mandag 22. oktober 2012

Ikkje dytt!


Ikkje dytt,
Eg må få gå trappa sjølv.
Vil du gå fortare med andre pausar,
Så er det greit det.
Eg går ikkje fortare enn eg går, eg..

Ikkje dytt!
Eg må få stå her ei stund,
Kvila, kava, gråta, le.
-Rygga og setje foten ned att på
forrige trinn – kjenne ekstra etter om
eg er ferdig til å gå vidare.

Ikkje dytt!
Det er så vondt å snubla.
Eg gjer det likevel, men då er det på
Min måte-
Det er tryggast for meg.

Ikkje tru at trappa er lettare å gå
Fordi du veit kva neste trinn heiter.
Men det er fint at du vinkar.
Det er trygt å ha deg saman med meg,
For eg leitar etter nokon å halda i.

Fint å ha nokon stødig bak ryggen,nokon
Som kjenner trappa
Det er tungt å gå åleine,
Fint å ha deg der, men ikkje dytt!
Eg kjem i mitt eige ganglag eg.

Det er fint å sjå at andre har kome seg
Op.
Eg er i seget,
Men ha tolmod med meg!


Dette diktet ble lest opp på minnemarkering for overdosedødsfall, syntes det var så veldig fint.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar